Viser innlegg med etiketten Caps. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Caps. Vis alle innlegg

mandag 14. april 2014

Capsluer - testing, testing...


I fleire år har eg tenkt på å sy luer med brem, men ikkje tatt meg tid til å lage mønster. Endeleg - her er dei! Til stor glede for dei yngste jentene mine, som nærast har budd i luene dei siste par dagane. 

No skal dei vaskast, brukast meir, og vaskast igjen - og om bremmen består testen vert det fleire slike i Epla-butikken etter påske. 

Ha ei strålande påske!

tirsdag 24. august 2010

Økologisk caps




Denne vart sydd i byrjinga av sommaren, men har vorte liggande her på syrommet og ikkje havna i bloggen.
Grunnen er rett og slett skuffelse. Skuffelse over at den fine capsen eg sydde til vesleguten vart for liten! Vesleguten er rett og slett byrja bli stor....

No når sommaren er over har eg klart å svelge skuffelsen ;-)
Difor legg eg no denne hatten til salgs på Epla.no, slik at nokon andre kan få nytte av den. Kanskje til neste sommar...?
Hatten er sydd i 100 % økologisk bomull, og er vendbar.
Passar fint til eit hovud med omkrins 50 - 52 cm.