Viser innlegg med etiketten Oppbevaring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oppbevaring. Vis alle innlegg

onsdag 24. august 2011

Då var jobben gjort ein gong for alle! ...håpar eg...



Bokbind til skulebøkene, sydd av bomullsjersey m/lycra frå Stoff & Stil. Så reknar eg optimistisk med at desse heldt i mange år....

lørdag 30. juli 2011

Leikepose

Minsteguten - som faktisk ikkje er så veldig liten lengre - er her med og lagar pose til småleikane sine.



Konsentrasjonen på topp!




Ferdig! Framsida...




...og baksida. Med namn, sjølvsagt!


Enkelt og greit prosjekt, fin pose til oppbevaring av småleikar eller andre ting. No skal me i gong med å lage endå fleire!


(Dersom nokon ynskjer skildring av framgongsmåten så sei gjerne i frå!)


tirsdag 26. april 2011

Prøving og feiling


Endelig har eg funne ut kva framgongsmåte som fungerer best til å sy slike små pengepungar, så i påsken vart det ein liten stabel av slike. Her representert ved fire av dei. To andre forsvant fort over i små gutehender, dei hadde nemleg fotballmotiv på...

Sydd av bomullsstoff frå diverse stader, bl.a. Textart, Stoff & Stil og Panduro. Glidelåsar frå Stoff & Stil.


torsdag 3. mars 2011

Vinterferiesyssel

Me treng ein tom mjølkekartong...
...kvar sin sjølvsagt, ellers kan utfordringa verte større enn kva godt er.

Så klipper me litt...



...og klipper litt til.



Tid for bretting (og stifting, og setje i trykknapp)...



...og tadaaaa!



To fix ferdige mjølkekartonglommebøker!


Har du lyst å lage ei sjølve finn du framgangsmåten hos Villmarkshjerte.
Og har du heller lyst å kjøpe ei så lagar Ingrid Riddervold mange flotte.

søndag 7. november 2010

Hus til brillene!


Brillene mine trengte ein stad å bu, sidan dei sjelden bur på nasa mi...
Avlangt etui med klemmelås øverst.
Nokre små skjønnhetsfeil vart det denne gongen, men så veit eg i alle fall kordan eg ikkje skal gjere det neste gong...

Utside: Brunt bomullsstoff frå Textart.
Innside: Lyseblått bomullsstoff frå Polarquilt.
I mellom: Platevatt.
Klemmelås frå Ellens butikk.
Mønster: Eige.

tirsdag 14. september 2010

Kvifor stoppe etter berre éin...

...tenkte eg, og dermed vart fleire pengepungar sydd.

Dei to minste her er endå mindre enn den med uglene, medan den største er nesten som ein liten sminkepung.

Alle desse har eg lagt ut for sal på Epla.no medan eg tenkjer på om eg skal behalde den eine sjølve...



søndag 12. september 2010

Ei bittelita gåve....

... til ei veldig god venninne som står på reisefot/flyttefot og difor kanskje ikke hadde vorte så glad for å få ein diger lysestake eller nytt kaffiservise til bursdagen.

Difor altså ein liten pengepung. Uheldigvis den første eg nokon gong har sydd, så den har litt av det me kan kalle skjønnheitsfeil. I alle fall fant eg ut litt av kva eg må gjere annleis neste gong.

Ugler frå textart.no, orange blomstrar og svart fôr frå S&S.