Viser innlegg med etiketten Ullplagg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ullplagg. Vis alle innlegg

lørdag 2. august 2014

Bloomsbury

 
 
Bloomsbury-genseren eg har strikka på i sommar er endeleg ferdig! Den er til meg, sjølv om det er eldstejenta som her har fått modelloppdraget.
 


 
 
Genseren har flott mønster som strekk seg oppetter heile ryggen og begge armane. Mønsteret kan ein kjøpe på ravelry.com. Det er på engelsk, ein liten utfordring sidan eg ikkje har nytta engelske strikkemønster tidlegare, men det gjekk mykje lettare enn eg trudde. I starten måtte eg lese mønster heile tida for å få det riktig, men etterkvart satt det i fingrane. Den er strikka ovanfrå og ned - heilt genialt for å kunne tilpasse størrelsen undervegs.

 
 
 
Mønster: Bloomsbury, kan kjøpast på ravelry.com.
Størrelse: M
Garn: Drops Big Merino, ca 535 gram (nesten 11 nøster).
Pinnestr.: 5,5 og 6 mm.

 

onsdag 19. mars 2014

Regnbogeskjørtet ingen ville ha



På ferie i Danmark for snart 7 år sidan kom eg over det flottaste ullgarnet eg nokon gong hadde sett: Kauni i regnbogefargar. Eit 250 g stort hespe vart med heimatt (saman med eit like stort hespe i svart/grått/lilla), og eg hadde store planar for kva for noko fint dette kunne bli.

Optimistisk byrja eg på eit skjørt til meg sjølv, men tenkte etterkvart at det kanskje vart litt vel fargerikt, og justerte størrelsen til å heller passe til størstejenta. Men strikkinga var ikkje førsteprioritet, og før det vart ferdig var størstejenta blitt så stor at ho ikkje var så glad i veldig fargerike klede lengre...

Så då skjørtet var ferdig strikka vart det snart passeleg til nestminstejenta. Det vart liggjande ei god stund i påvente av å få strikk i livet, så lengje at jenta plutsleg vart ei rosa-jente, og forkasta skjørtet utan eingong å prøve det...

Då måtte eg setje mi lit til minstejenta, og ho skuffa ikkje; "Det vil eg ha på i barnehagen i morgon!" sa ho før ho dansa bortover golvet med skjørtet på. Så endeleg fekk skjørtet ein eigar!


 

mandag 3. februar 2014

Ullgenser med motiv

Her har eg brukt kjolemønsteret Onion 2046 som utgangspunkt for å lage ullgenser til meg sjølv. Den er sydd i deilig ulljersey frå Janus sitt "Ull på rull"-utsalg, og pynta med ei øgle i svart, glitrande Heattransfer frå Stoff & Stil. 


Forresten så er "Ull på rull"-utsalget på Espeland i Arna så absolutt verdt eit besøk!

mandag 27. januar 2014

Klar for vinter

 
Basic hjelmluer i 100 % ull.
Gratismønster frå Ottobre.
 
 

fredag 24. januar 2014

Siste vottepar frå 2013



Biletet vart knipsa i full fart før julegåveinnpakning, og viser ikkje fram det fine flettemønsteret særleg godt.

Mønsteret er dette, minus puddelkanten.

tirsdag 14. januar 2014

Skip o'hoi!


 
Det er kanskje ikkje ullvottar ein først og fremst forbind med segling, men i surt vestlandsvêr kan dei komme godt med likevel...
 
Her har eg strikka styrbord/babord-vottar til kapteinen på båten "i hagen" vår. Ikkje det at eg mistenkjer at han treng ei påminning om kva som er kva, men eg tenkte at eit maritimt motiv måtte passe fint til har som har lært meg alt det eg veit om båt.
 


 
Mønster: Ship o'hoi! votter frå Jorids mønsterbutikk
Størrelse: stor mannehand
Garn: Falk fra Dale Garn

 
 
 
 
 

 

lørdag 28. desember 2013

Vottedesember


Eg har vottestrikkedilla for tida! Her er første votteblogginnlegg...

Har lenge tenkt på å strikke Bellavottar både til meg sjølv og eldstejenta, men når eg endeleg kom så langt så vart dei for små til oss begge...

Desse Bellavottane har såleis fått ny mottakar, dei passa fint på ei 10-årig jentehand. 

Vottane er strikka i koksgrå Alfa frå SandnesGarn, og i neste forsøk går eg opp ein pinnestørrelse i forhold til oppskrifta (som du forøvrig finn dersom du googlar Bellavotter).

mandag 4. november 2013

Hermegåsa


Ei god stund no har eg følgt strikkebloggen To vrange, og finn alle dei flotte strikkeplagga svært inspirerande. Faktisk så inspirerande at det var på tide med ørlite kopiering, og denne regnbogekjolen vart blinka ut som årets sommarferiestrikk.

Kauni-garn hadde eg, både i regnbogefargar og ein grå-lilla-svart variant, og sidan det grå-lilla-svarte hespet såg ut til å vere mest grått tenkte eg at det fekk duge som grunnfarge. Vel avgårde på ferie viste det seg at innslaget av svart og lilla var mykje større enn først antatt, men full av pågangsmot sette eg i gang. Å strikke oppefrå og nedover var ein ny, men artig erfaring for meg, og det kjem eg nok til å gjere fleire gongar.

Eg såg kjapt at denne utgåva vart noko meir kvardagsleg enn To vrange sin, og tenkte difor at den kanskje gjorde seg betre som gensar i staden for kjole. Etter at bolen var ferdig såg eg at det vart litt vel mange oransje striper, difor korta eg ned ganske mykje av regnbogetråden då eg strikka armane. Å ta opp igjen bolen for å gjere det same der var imidlertid lite aktuelt....

Gensaren vart faktisk ferdigstrikka i ferien, men vart liggjande ganske lenge etterpå i påvente av knapp på skuldra. Så medan eg har somla meg til å sy fast ein - 1 - knapp har òg kjappe To vrange strikka ein genservariant av regnbogekjolen - ja, i tillegg til mykje anna flott!

søndag 3. november 2013

Pulsvarmarar

 
 
Då vi hadde eit lengre opphald i Spania for eit par år sidan kom eg over ein flott garnbutikk med godt utvalg, og eg måtte sjølvsagt kjøpe med meg nokre nøster av - for meg - nytt og spanande garn. Garn som er kjøpt utan å ha ein plan vert gjerne liggande ei stund, og når eg gjerne berre kjøper 1 - 2 nøster av kvar type er det litt begrensa kva det kan brukast til.

Då eg kom over dette pulsvarmar-mønsteret frå SPØT fekk eg endeleg eit prosjekt til dette utruleg mjuke, lilla ullgarnet. Det er nok litt tynnare enn mønsteret er rekna for, dermed la eg opp nokre ekstra masker og strikka ein repetisjon ekstra av mønsteret. Resultatet vart bra, og det er nesten så eg gler meg til kjølegare dagar. Berre nesten, altså...



 
 

lørdag 9. mars 2013

Ullkjole med bringebær

Med vinteren på hell var det på tide å sy litt i ull;) Til meg sjølv denne gongen.

Kjolen er sydd av svart ulljersey frå Stoff & Stil og eit stykke bringebærjersey frå min eigen nettbutikk.
Ulljerseyen fant eg på restebordet til S&S for fleire år sidan. Stoffstykket var stort, men hadde fleire små hól rundtomkring, eg var difor litt skeptisk til å bruke dette stoffet til noko i det heile. Eg sydde imidlertid ein liten gensar til eit karnevalskostyme for eit par år sidan, denne gensaren har seinare vore nytta som ullundertøy både av den gongens Timmy og av veslesystera, og sidan gensaren framleis er like heil tok eg no sjansen på å bruke resten av stoffstykket.
Bringebærjerseyen er ein tjukk og god jersey der mønsteret er strikka inn i stoffet (og no er det heile 50% rabatt på denne i nettbutikken min!). Her har eg lagt trådretninga på tvers på akkurat dette sidestykket, og det ser ut til å fungere fint.

Mønsteret er eit av Onion sine nye, 2046, og var kjapt og enkelt å sy. Kjolen har flott passform, men det kan virke som om mønsteret er ein smule stort i størrelsen. Dette mønsteret kjem eg heilt klart til å bruke fleire gongar, ein ny favoritt!

søndag 24. februar 2013

Luegjengen:)



Vinteren har vore travel, og sjølv om eg har sydd litt innimellom er det lite som har havna i bloggen og på Epla. På tide å gjere noko med dét, så sjølv om det dei siste dagane har vore deilig vårsol ute har eg oppdatert Epla-butikken min med mange luer med deilig ull- eller fleecefôr.

Luer etter eige mønster.
Bomullsjersey frå ulike stader, bl.a. www.fabelblaa.com.
Fôra med fleece frå Stoff & Stil eller ulljersey frå Skaar tekstil.

fredag 28. desember 2012

Julegåvevottar


Årets julegåveblogging er fort gjort sidan dette var den einaste sjølvlaga julegåva herfrå i år. Mange år sidan eg har strikka vottar - og enda lengre sidan eg har strikka mønsterstrikk - men det gav meirsmak, og eit nytt vottepar er allereie på pinnane.

Vottar i damestørrelse, strikka i Falk frå Dalegarn, mønsterutgangspunkt frå Allers, men endra.

onsdag 15. desember 2010

Slutt på latmannslivet for strikkepinnane!

Då størstejenta var lita fekk ho ofte nye heimestrikka plagg, men seinare har det vorte mindre og mindre strikking her... Men no har ho fått seg ny lue, og kanskje må strikkepinnane jobbe meir også framover...?


Garn: Alfa frå SandnesGarn
Mønster frå SandnesGarn, men med eigen vri.

fredag 3. desember 2010

Ullbukser på rad og rekke

Desse buksene er sydd av den deiligaste, mjukaste ullfrotté du kan tenkje deg. Dessverre har eg no brukt siste rest av dette flotte stoffet, og det ser ikkje ut til at det går an å bestille meir heller...

Buksene er no på veg til butikken "En gul knapp" i Skostredet i Bergen.

Dei fleste av buksene har fått ei rund lomme i bomullsinterlock på eine låret, nokre har påsydd pynteband rundt eine beinet. Det er strikk oppe og nede.

Ullfrotté frå Vogue fabrics.
Bomullsinterlock frå JNY design og Jofotex.
Pynteband frå Leanne.
Eige mønster, str 80 - 86 - 92.

onsdag 10. februar 2010

Blir aldri lei...



... av denne flotte ulljerseyen. Så her er endå ei sparkebukse i str ca 62, denne gongen med lomme på magen.



Ulljersey frå Skaar tekstil.

Bomullsinterlock (skyer og mørk brun) frå JNY Design.

Men neste innlegg blir ikkje blått!

søndag 31. januar 2010

Enda meir blå ulljersey!


Her har eg prøvd meg på overallen frå Ottobre 6/09, som eg har sett at mange ellers i bloggverda òg har gjort.


Eg droppa lommene som skulle vera på framsida, i staden vart det ein bil på ryggen. På framsida kan den opnast med "usynleg" glidelås.


Str. 62.


Blå ulljersey frå Skaar tekstil, mørk brun bomullsinterlock frå JNY.

fredag 29. januar 2010

Heildrakt i ull




Første ut av fleire sparkebukser i str. 62.



På denne har eg prøvd å følge mønsteret frå "Alt om håndarbeide" 09/09, har berre lagt til ein applikasjon av ein traktor.


Traktoren er sydd på med raud tråd og har fått raude knappar i hjula.


Sparkebuksa er i 100 % ull, til og med traktoren er av ull :-)


Eit hjul er også plassert på den eine armen.

onsdag 30. desember 2009

Siste blogginnlegg i år:-)


Godt nyttår til alle som dett innom her!


Kjolen som får æra av å være sistemann ut vart eigentleg sydd som eit alternativ til kjolen i førre innlegget i tilfelle den ikkje traff blink. No vert den lagt ut for sal på www.epla.no


Denne er sydd av tjukk og god ullfilt og har detaljar i bomullsstoff. Og er altså i str. 2 år.

tirsdag 22. desember 2009

Blå ull


Kjole igjen!

Str. 2 år denne òg, sydd på bestilling.

mandag 14. desember 2009

Lilla ull på bursdagsjente!




Lilla ullkjole i mjuk og god ulljersey. Dette er ein prøve-kjole for å teste ut kordan dette ullstoffet heldt seg i bruk, foreløpig ser den heilt fin ut men tida vil vise...




Minstejenta har feira sin fyrste bursdag, og såååå sint vert ho når ho ikkje får tak i kameraet!