Viser innlegg med etiketten Laga av andre. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Laga av andre. Vis alle innlegg

tirsdag 2. august 2011

Dagens forelskelser

I dag er det eg som har fått velge ut produkt til framsida på Epla!


Eg har funne fram ei rekkje økologiske produkt, kanskje du også likar nokre av dei?



lørdag 30. juli 2011

Leikepose

Minsteguten - som faktisk ikkje er så veldig liten lengre - er her med og lagar pose til småleikane sine.



Konsentrasjonen på topp!




Ferdig! Framsida...




...og baksida. Med namn, sjølvsagt!


Enkelt og greit prosjekt, fin pose til oppbevaring av småleikar eller andre ting. No skal me i gong med å lage endå fleire!


(Dersom nokon ynskjer skildring av framgongsmåten så sei gjerne i frå!)


torsdag 3. mars 2011

Vinterferiesyssel

Me treng ein tom mjølkekartong...
...kvar sin sjølvsagt, ellers kan utfordringa verte større enn kva godt er.

Så klipper me litt...



...og klipper litt til.



Tid for bretting (og stifting, og setje i trykknapp)...



...og tadaaaa!



To fix ferdige mjølkekartonglommebøker!


Har du lyst å lage ei sjølve finn du framgangsmåten hos Villmarkshjerte.
Og har du heller lyst å kjøpe ei så lagar Ingrid Riddervold mange flotte.

søndag 6. februar 2011

Dagens gjestebloggar!

Det vert nok ikkje daglegdags at det dukkar opp gjestebloggarar her, men størstejenta på 11 år har veldig lyst til å vise fram sitt splitter nye mobiletui. Her har ho gjort alt sjølve: laga mønster, klipt delar og sydd saman, kun med litt veiledning frå meg. Bileta har ho også redigert sjølve. Er ho ikkje flink?


Dette skriv Emma: "Ein dag då eg ikkje hadde noko å gjere på, foreslo mamma at eg kunne lage mobiletui. Det gjorde eg og. Og eg er skikkelig fornøyd med resultatet! Det ser faktisk ut som at mamma har lagd det! Det har strikk til å lukke med og ein krok til å henge det på litt forskjellige plasser..."

lørdag 11. desember 2010

Eg vant!

bloggen til nettbutikken Lin & Papir er det fleire utlodningar no i desember, eg var så heldig å vinne dette settet!

(Bilete er lånt frå Lin & Papir.)

torsdag 5. november 2009

Smykke til meg!


Dette har eg jo ikkje laga sjølve, men tenkte eg skulle vise det fram likevel.
Smykket er det Lillofant som har laga.
Eg er godt nøgd med resultatet, og ungane var veldig fasinert av navnetrykket...
(Fotografert av Lillofant)