Viser innlegg med etiketten Solhatt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Solhatt. Vis alle innlegg

onsdag 20. juli 2011

Endeleg soool!

Me har vore så heldige å endeleg få litt sol, sånn innimellom regnbygene i alle fall:)

Eg hadde ein halvferdig solhatt liggande, dermed gjekk det raskt å få den ferdig. Før sola forsvann...

I same slengen vart det nokre fleire, dei finn du i Epla-butikken min.





Stoff:

Litt kraftig bomullstoff bestilt frå ein amerikansk nettbutikk eg ikkje lengre hugsar namnet på. Skulle ønske eg hadde mykje meir, men dette var siste rest...

Innsida er i lilla bomull med lys lilla prikkar (frå Textart), og kan brukast som utside òg. Vendbar hatt altså...


Mønster:

Frå Stoff & Stil, str. "baby".

tirsdag 24. august 2010

Økologisk caps




Denne vart sydd i byrjinga av sommaren, men har vorte liggande her på syrommet og ikkje havna i bloggen.
Grunnen er rett og slett skuffelse. Skuffelse over at den fine capsen eg sydde til vesleguten vart for liten! Vesleguten er rett og slett byrja bli stor....

No når sommaren er over har eg klart å svelge skuffelsen ;-)
Difor legg eg no denne hatten til salgs på Epla.no, slik at nokon andre kan få nytte av den. Kanskje til neste sommar...?
Hatten er sydd i 100 % økologisk bomull, og er vendbar.
Passar fint til eit hovud med omkrins 50 - 52 cm.


tirsdag 20. juli 2010

Sol- og vindlue...?

Ikkje alle dagar med sol er like varme og vindstille, det kan difor vere greit med ei lue som både skuggar for sola og dekkjer øyrene.

Denne er sydd i lilla økologisk bomullstwill (kjøpt i London) og bomullsinterlock med sjiraffar frå Cethodesigns.no
Mønster er eige, inspirert av ei gamal, utsliten Cubuslue eg likte så godt fasongen på....